Historia

Engelsen-selskapa har lange tradisjonar i Sunnhordland. Historia starta i 1912, og verksemda utvikla seg raskt til å vere ei leiande entreprenørverksemd i distriktet. Svært mange prosjekt av ulike storleikar og typar er gjennomførte av dugande folk opp gjennom tidene.

Engelsen Entreprenør

Engelsen Entreprenør er ein erfaren entreprenør med lange tradisjonar på Stord. Me har som målsetjing å vere den leiande betongentreprenøren i Sunnhordland, men skal også vere ein betydeleg marknadsaktør innanfor hovud- og totalentreprisar. Mange av dei byggverk ein ser på og kring Leirvik har vår signatur.

Vårt marknadsområde strekkjer seg over heile Sunnhordland, og tek oppdrag både for offentlege og private aktørar. Innan privat næringsliv har me lange tradisjonar både innan bygg- og anlegg, industri og oppdrettsnæring.
Engelsen Entreprenør as har om lag 30 tilsette. Dei aller fleste er fagarbeidarar. Me har og høgt kompetente anleggsleiarar og ingeniørar, og skal vere ein kompetanseleverandør innan vår marknad.
Verksemda er medlem i EBA, og har sentralgodkjenning i høgaste klasse innan våre tenesteområder. Me er ei godkjend læreverksemd, og har som målsetjing å ta inn nye lærlingar kvart år. Dei aller fleste av våre fagfolk er utdanna i verksemda.

Våre fagfelt

Engelsen Entreprenør as leverer tenester innan betongarbeid, total- og hovudentreprisar, saging og boring i betong, kranbil- og transporttenester.