Helse, miljø, sikkerhet og kvalitet

Å ta vare på sikkerheten til våre medarbeidarar skal prioriterast kvar einaste arbeidsdag. Med gode rutinar på HMS og kvalitetssikring på våre leveransar, vil me ha eit konkurransefortrinn som byggjer opp under Engelsen Entreprenør sine verdiar.

Vårt mål er at alle som utfører arbeid for oss skal gjere dette på ein trygg og sikker måte. Vidare skal vår utføring sikre at kunden får den forventa kvaliteten. Me skal alltid utføre vårt arbeid i tråd med gjeldande standardar, lover og forskrifter. For å ivareta dette arbeidet har me eigen HR- og kvalitetsleiar i full stilling.