Me har total- og hovudentreprisar som satsingsområde, etter lang tids kompetansebyggjing.

Fleirfagleg kompetanse er opparbeidd i heile næringskjeda, noko som gjer oss godt rusta til å ta ansvar for ein komplett fleirfagleg leveranse.

Vår spesialitet er ferdige råbygg eller større oppdrag innanfor industri. Det er også levert fleire totalentreprisar til både offentlege og private byggherrar. Alt ifrå større leilegheits- og næringsbygg, til stålhallar, kaiar og bruer.

Me set samhandling i fokus og ynskjer å vere med i frå idéstadiet. På den måten kan me bruke vår kompetanse til å bidra til kostnadseffektive og gode løysingar innanføre gjeldande regelverk.

Vår folkelege og proaktive tilnærming til våre kundar og underleverandørar, gjer at Engelsen Entreprenør skal vere ein ettertrakta samarbeidspartnar. Over 100 års fartstid med fokus på nettopp dette, gjer at våre kundar skal vere trygge på, og kjenne igjen Engelsen Entreprenør som ein entreprenør som leverer til rett tid og til rett pris.