Berekraft, Helse, miljø, sikkerhet og kvalitet                                                     

Engelsen Entreprenør er oppteken av å ta vare på miljøet vårt. Vårt mål er å kontinuerleg forbetre våre miljøprestasjonar, og har mål som rettar seg mot klima, miljø og arbeidsmiljø. Me har sertifisert oss til Miljøfyrtårn-bedrift – og er stolte av å ta vår del av samfunnsansvaret for å nå FN sine berekraftsmål.

Miljørapport for 2022 er gjort tilgjengeleg for offentlegheita, og beskriv kva me har arbeidd med i føregåande år og vidare kva me vil jobbe med framover for å nå våre mål innan miljø, klima og arbeidsmiljø. Me set krav til våre tilsette, våre samarbeidsparnarar og leverandørar, og forventar at alle som samhandlar med oss har fokus på berekraft.

2022 Innrapportering

 

Å ta vare på sikkerheita til våre medarbeidarar skal prioriterast kvar einaste arbeidsdag. Med gode rutinar på HMS og kvalitetssikring på våre leveransar, vil me ha eit konkurransefortrinn som byggjer opp under Engelsen Entreprenør sine verdiar.

Vårt mål er at alle som utfører arbeid for oss skal gjere dette på ein trygg og sikker måte. Vidare skal vår utføring sikre at kunden får den forventa kvaliteten. Me skal alltid utføre vårt arbeid i tråd med gjeldande standardar, lover og forskrifter.