Vår spesialitet er betongarbeid!
Me har sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse, og løyser alle typar oppdrag innanfor betongfaget. Ingen oppdrag er verken for små eller for store – frå ringmurar til betongbruer og kaiar, våre tilsette ser mulegheiter i alt.
Me har fagarbeidarar med all naudsynt kompetanse og sertifisering, samt utdanna anleggs- og konstruksjonsingeniørar. Fleire av våre formenn og anleggsleiarar har U5- og UMKL-sertifisering, som gjer at me også kan ta på oss montering av betongelement.
Vår tyngde og kompetanse gjer at me er, og skal vere, den leiiande betongentreprenøren i vårt marknadsområde.